Londontur  18.-20. mars 2011

-          Skal dere på tur? Da skal eg vere med dere!
Det var ingen som reagerte då dama kom bort til oss på Flesland og handhelste. For dette var turen der dei flotte damene skulle få vere med. Kristoffer kjente eit lite sekund at den overraskande dama sette han ein smule i offside, for lufta var allereie tjukk av spenning med tanke på det ukjente par #5. Og denne dama som kravde sin Exeter-rett, hadde han ikkje kontroll på. Etter å ha helst på oss, fann vi likevel ut av vi ikkje passa så godt saman. Ho skulle på heisatur med TV2 til Køben, medan vi skulle sjå Exeter City ta hemn over Ian Wright sin uekte son. Son of a whore, they sang.
Dermed var turen og dei gode historiene i gang.
 Øystein hadde drista seg til å vente i flybaren med ei lita øl, og det kom eit letta sukk då Kim, Arild og Kristoffer parerte med kvar si 0,6. Både Claus Lundekvam og andre TV2 storleikar fekk helse på Exeterfølget før flyavgang, og Exeterdamene jubla høgt, då det vart kommentert at TV2 damene ikkje var like fine i røynda som på tv. At det vrimla av så mange tv-sportkjendisar, gjorde at håpet om at Arne Scheie, men sine fantastiske 1:100 odds skulle dukke opp. Ekte pengar blei plassert i eit ekte veddemål, medan ein venta på å finne ut kven som skulle dukke opp under dekknamnet par #5.  Det skulle vise seg, at det ikkje var siste gong ein venta på at par #5 skulle dukke opp.
Via København, landa vi på Heathrow. Med dobbeldose Cleareyes, var rustninga på. Og det var rørande å sjå, at så snart gutane hadde engelsk jord under beina, starta forbrødringa.
Vi var på veg inn i noko som var større enn oss sjølve. Eg trur vi alle kjente det på eit slags vis. Vi gledde oss til luksuriøse restaurantbesøk, der god mat og drikke skulle fløyme i rikt monn. Vi fann stor glede og fridom i våre vesle Oystercards, som vi sjølvsagt hadde klare til ei kvar tid. For er det noko ein gjer før ein slik tur, så er det å lese instruksane ein får på epost i forkant av Kristoffer. Dei osar av poeng som berikar turen med Déjà vu- opplevingar. Vi var rett og slett ein del av Happy Days.
 Hilton Hotel innfrir så til dei grader, med open lounge og gratis drikke. Der indiske hovmeistrar viser vegen til frukostbordet, og indiske chefs tryllar egg i alle variantar til frukost. Ein kjem ikkje nærare av å få oppleve den britiske kolonitida, where the sun never sets. Og for eit taktisk sjakktrekk å bu seks minutt med rask gange frå Nord-Europas største kjøpesenter. Slikt blir det takksame jenter av.
Laurdag. Kampdag.

Oppmøte på pub i London med andre Exeterfans, før båttur på Themsen til Charlton.
Meir kampøl på The Gypsy Moth i Charlton, med nøyaktig 3 minutt før avgang The Valley. ( Red. anm. Gypsy Moth er faktisk ein sommarfugl.)
Inne på stadion, godt plassert mellom likesinna, Exeterfans og kjærestar, er det tid for den store debuten. Vi sit rett bak Exeter sitt mål. Om vi rekk ut handa kan vi ta på den flotte keeperdrakta.

 
Rosa Keeper to the rescue            Rosa Keeper passser på BWP

Rosa Keeper, banens kjekkaste spelar.
Folk rundt oss ropar på Exeter, det haglar med kjærleikserklæringar.
-          Go on, Liam! Com’ on, Luv!
-         Cider! Ciiider!
Første omgang er mållaus. Små drypp med kunnskap om laget kjem, medan vi ser utover den grøne grasmatta. Exeter, laget med ein av Englands yngste og mest spennende managere. Laget som har en manager med sponsoravtale på sixpence-bruken sin. – There’s only one Paul Tisdale!

  
Men vi kjenner igjen på kjensla av at vi er med på noko større, og i andre omgang skjer det. Exeter scorar. I løpet av eit brøkdels sekund, smeltar damer og menn saman i jubel og glede. Spenninga utløyser seg i hopp, rop og klemmar. Og vi ser på kvarandre og veit noko vi ikkje visste før kampen, vi har fått ei ny forståing. Vi veit at dette er så godt som det nokon gong kan bli. Vi forstår at debuten vår går inn i historia, og vil for alltid bli hugsa slik store hendingar blir. Og lykka rir oss endå ein gong, og endå ein gong. Exeter og vi får 3 mål. Når kampballen i tillegg hamnar rett i fanget på Arild, har vi i tillegg vunne med all makt på vår side. Arild drar ut kampen med små, dyrebare sekund. Vi kjenner lykka stige i oss, vi blir uovervinnelege på bortebane, vi representerer tru, håp og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Slik går vi ut i den engelske kvelden og natta. Slik tar vi i mot Kristoffer si skildring av korleis det er å gå rundt med kronisk hol i boksaren sin. Slik møter vi Joey Tempest og The Final Countdown. Berusa grunnar vi over tekstlinja We all miss her so, medan vi registrerer at Europe har tatt munn-til-munn på 80-talet. Og natta varer evig, og sigeren ber vi framleis i oss.
On behalf of Norwegian female Exeter Grecians,
Gry Folkvord                                                                                          Her er referatet til Bente